Aure kirkje - Safon.org

Aure kirkje

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Den norske kirkja
Møre bispedømme
Ytre Nordmøre prosti
Aure
prestegjeld
Aure sokn
Stemshaug sokn
Tustna sokn
Aure kirkje sett frå sjøsida.Foto:Olve Utne
Aure kirkje sett frå sjøsida.
Foto:Olve Utne

Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme. Føre Møre bispedømme vart oppretta hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kirkja vart ramma av brann i 1924, men vart istandsett att og noko ombygd. Den noverande Aure kirkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kirkja i Aure stod — ei stavkirkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kirkja.

Kirkja innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre). Foto: Olve Utne
Kirkja innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre).
Foto: Olve Utne
Personlege verktøy