Aukan ferjekai
Frå Safon.org
Aukan er eit tidlegare ferjeleie på Stabblandet i Aure kommune på Nordmør som hadde ferjesamband til Vinsternes på Ertvågsøya, til Edøya i Smøla kommune og til Forsnes i Hitra kommune. Med Imarsundprosjektet, som erstatta ferjesambandet til Vinsternes, vart det vedteke å flytte heile ferjeleiet til Sandvika på Tustna. Trass i at lokale transportfirma gjekk sterkt imot dette, vart dette løysinga da vegsambandet over Imarsundet vart teke i bruk den 15. januar 2007.
[endre] Sjå òg
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Aukan ferjekai» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
