Aslaug Vaa - Safon.org

Aslaug Vaa

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Aslaug Vaa (18891965) var ein norsk lyrikar og dramatikar. Ho var fødd i Rauland i Vinje kommune i Telemark, søster til bildehoggaren og målaren Dyre Vaa, gift med psykologen og filologen Ola Raknes, mor til bildehoggaren Anne Raknes og lyrikaren Magli Elster.

Aslaug Vaa studerte fransk litteratur og kunsthistorie ved universitet i Paris og teaterhistorie ved universitetet i Berlin. Etterpå arbeidde ho ei tid som lærar og journalist. Ho debuterte som lyrikar i 1934, 45 år gammal. Den første samlinga heitte Nord i leite. Ho skreiv òg skodespel.

Ho fekk kunstnarløn frå 1955.

I 2001 framførte Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren bestillingsverket Nivelkinn bygd på Aslaug Vaa sin diktsyklus av same namn frå Nord i leiteTelemarksfestivalen. Oppføringa vart oppteken og utgjeven på plate og vann Spellemannsprisen i 2003.

[endre] Verkliste

  • 1934 Nord i leite, lyrikksamling
  • 1935 Skuggen og strendan, lyrikksamling
  • 1936 Villarkonn, lyrikksamling
  • 1938 Steinguden, skodespel
  • 1939 På vegakanten, lyrikksamling
  • 1947 Fotefár, lyrikksamling
  • 1947 Tjugendagen, skodespel
  • 1954 Skjenkarsveinens visur, lyrikksamling
  • 1963 Bustader, lyrikksamling
  • 1964 Dikt i utval, lyrikksamling
  • 1965 Honningfuglen og leoparden, skodespel
  • 1966 Munkeklokka, skodespel
  • 1989 Dikt i samling
  • 1999 Og ordet var..., etterlatne dikt

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy