Asjkenazím
Frå Safon.org
Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nord for Alpane er uvisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa allereie for knapt 2 000 år sidan.
Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklege jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz».
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Utbreiing frå kring år 1200
Frå slutten av 1100-talet til ca 1500 var ei svært turbulent tid for jødane i Nord-Europa. I periodar kunne det vera gode levekår, men var temmeleg vanleg at jødane vart utviste frå enkeltbyar, bispedømme, fyrstedømme eller heile land. Frå denne tida og utover flytta tyngdepunktet for asjkenazisk kultur seg austover frå Nord-Frankrike, Sørvest-Tyskland, Belgia og England til området som kom til å bli kjent som (asjkenazisk) austjødisk: Polen, Tsjekkia, Slovakia, Austerrike, Ungarn, Romania, Moldavia, Ukraina, Kviterussland (Belarus), Litauen, Latvia, Estland og Russland.
[endre] Språk
Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særleg rhin-dialektar og bayersk). Her er nokre eksempel på jiddische ord av germansk opphav:
akker (åker), arbet (arbeid), dorsh (torsk), du, érlech (ærleg), finger, flekk, foigl (fugl), folk, frost, full, hammer, handlen, hant (hand), houz (hus), jór (år), kats (katt), kopp (hovud), korn, krank, kú, laks, lamm, land, láng, luft, mandl, mann, méinen (meina), mil’ch (mjølk), minst, mir (vi, me), oks (okse), shtéin (stein), tsung (tunge), vinter, zéglen (segle).
I tillegg til grunnstammen av germanske ord, inneheld jiddisch ein del romanske ord — truleg hovudsakleg frå gammalfransk og/eller norditaliensk — og eit stort antal ord frå hebraisk og arameisk. Innslag frå slaviske språk er moderat i vestjiddisch, men svært utbreidd i austjiddisch. For å lære meir om jiddisch, gå til Safon si jiddische ordliste.
[endre] Hovudskilnader mellom asjkenazisk og sefardisk jødedom
| Asjkenazím | Sefardím | |
|---|---|---|
| Sjabbát | Tenner sjabbátlysa først, held deretter hendene framføre augo og seier berakháen (velsigninga). | Seier berakháen først, tenner sjabbátlysa rett etterpå. |
| Signing av vinen | Signinga av vin m.m. blir uttala kíddusj eller kíddisj. Ein seier «boire pri ha-gofen» (trad.) el. «borei pri ha-gafen» (moderne). | Signinga av vin m.m. blir uttala kiddúsj. Ein seier «boré perí haggèfen». |
| Synagogen |
|
|
| Bønesjal | Tàlles/tàllis, pl. talleisim. | Tallét, pl. tallétót |
| Hjørnefrynser | Tsitsis / tsitses: Knutar grupperte som 7+8+11+13. | Ṣiṣít: Knutar oftast grupperte som 10+5+6+5. |
| Bønereimer | T’fíllin: Ein kveilar mot seg nedover underarma. Reimene formar ein Sjin (ש) på handbaken. | Tefillín: Ein kveilar frå seg nedover underarma. Reimene formar ein Dálet (ד) på handbaken. |
| Språk | Hebraisk, arameisk; jiddisch, tysk (høgtysk) | Hebraisk, arameisk; arabisk; spansk, portugisisk, ladino, fransk; nederlandsk, plattysk |
| Heb./aram. uttale | Trykkforskyving til nest siste el. første staving som i germanske og vestslaviske språk: Shabbes, chanekke, ‘almajjo | Trykk som i klassisk heb./aram.: Sjabbát, ḥanukká, ngalmajjá |
| Pesaḥ | Ein et ikkje kitnijjót (asjk. kitnios — ris, mais og belgvekstar) under heile pesaḥ. Ein et ikkje lam under sédermåltidet. Dei fire spørsmåla begynnar med «berre matsá (asjk. matso, matse)». | Ein et ofte kitnijjót under pesaḥ, evt. med varierande restriksjonar (f.eks. berre ris, eller berre belgvekstar). Ein et gjerne lam under sédermåltidet. Dei fire spørsmåla begynnar med «dyppar grønsakene ... to gonger». |
| Ḥanukká | Tenner sjamásjen først og brukar han til å tenne dei andre lysa med. | Tenner sjamásjen sist, etter alle dei vanlege ḥanukkálysa. |
