Amsterdam Esnoga (1639) - Safon.org

Amsterdam Esnoga (1639)

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Der Jooden Tempel of sinagoge. Gravering av I. Veenhuysen.
Der Jooden Tempel of sinagoge. Gravering av I. Veenhuysen.

Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre synagogar i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Desse tre meinigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Ein bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge. (Kanalen er no attfylt og staden heiter Waterlooplein.) Ettersom det ikkje var plass til siderom til kvinnene i denne nye synagogen, vart det bygd galleri langs sidene i hovudrommet i staden — med både kvinne- og mannsseksjonar. Såvidt vi veit, var dette første gongen denne løysinga vart bruka i ein synagoge.

[endre] Kjelder

Krinsky, Carol Herselle: Synagogues of Europe. Architecture, history, meaning. The Architectural History Foundation, New York, N.Y., ca 1985.

Personlege verktøy