Amedeo Modigliani
Frå Safon.org
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ein stor jødisk folkesetnad, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar.
I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var 14 fekk han tyfus. I 16-årsalderen fekk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fekk studere hos landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.
Modigliani studerte sidan ved kunstakademiet i Venezia og Firenze og kom i 1906 til Paris. Utan å slutte seg til noka bestemt gruppe eller rørsle lét Modigliani seg inspirere av Toulouse-Lautrec og Cézanne sine måleri, afrikanske skulpturar, fauvistane og kubismen, så vel som av andre eksperimentelle måleri av Picasso og Braque. Mest epokegjerande vart møtet med den rumenske bildehoggaren Constantin Brancusi, og mellom 1910 og 1913 la han all sin energi i bildehogginga.
Da Modigliani, allereie svekka av tuberkulose, vart tvungen til å slutte med bildehogginga på grunn av at meiselstøvet trengte ned i lungene, utnytta han mange av effektane frå skulpturane sine i portretta sine og i nakenstudia, framfor alt det karakteristiske, forlenga hovudet, den lange, opphøgde naseryggen og den lange halsen.
I juli 1917 møtte han kvinna i sitt liv — den unge kunststudenten Jeanne Hébuterne (fødd 6. april 1898). Dei flytta saman og 29. november 1918 vart dottera Jeanne fødd. I januar 1920 vart Modigliani sjuk, med nyrebetennelse og tuberkuløs meningitt, og han vart innlagd på Hôpital de la Charité i Paris, der han dødde natt til 25. januar 1920. Dagen etter tok Jeanne, som var gravid i niande månad, sitt eige liv ved å kaste seg ut frå eit vindauge i sjette etasje.
Myten om Modigliani som en «montparnasseeksentrikar» — stilig, fattig, stolt og rusa eller full — vart utbrodert av forfattarvenene hans, særskilt etter at han gjekk bort berre 35 år gammal. Myten glømmer den intensive konsentrasjonen om målinga dei siste åra av livet hans.
Modigliani ligg gravlagt på Père-Lachaise i Paris, der Jeanne Hébuterne òg ligg. Dotter deira vart teken hand om av søster til Modigliani i Firenze. Som vaksen skreiv ho ein biografi om far sin — Modigliani, mannen og myten. Det vart òg laga ein film om livet hans, Montparnasse 19, i 1957 med Gérard Philipe i hovudrollen.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Amedeo Modigliani» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
