Alexander Seippel
Frå Safon.org
(Heinrich Julius Manfred) Alexander Seippel (1851–1938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsettar. Alexander Seippel er i dag best kjend for å ha stått for omlag halvparten av den første nynorske bibelomsettinga som Studentmållaget i Oslo gav ut i 1921.
Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel vart fødd i Kristiansand den 22. januar 1851 som son av ein tysk forretningsmann og voks opp i Kristiansand og på Frøysnes i Bygland. Han tok artium i 1868 og vart cand.mag. i 1873 etter å ha studert gresk og latin. Deretter følgte kring 12 år med studium og studiereiser før han i vart utnemnt til professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo i 1886. Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet, Rerum Normannicarum fontes Arabici, kom ut i to band i 1896 og 1928.
Seippel skreiv sjølv lyrikk, han samla stev i Setesdal, og han atterdikta lyrikarar som Hafiz og Omar Khayyam. Da Fyrebilsbibelen vart utgjeven av Studentmållaget i 1921, stod Seippel for halvdelen av omsettinga. Den første utgjevne bibelomsettinga hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeven som vedlegg til Syn og Segn i 1905. Om omsettingsarbeidet sitt skreiv han i 1932:
|
- - språket skulle vera so folkelegt som råd var; difor satte eg meg fyr at eg inkje ville skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja |
Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1896 og forfremma til kommandør i 1938. Han vart medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi frå 1897 og vart utnemnt til statsstipendiat da han gjekk av med pensjon i 1922.
Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel dødde den 22. april 1938 i Oslo.
[endre] Litteratur og kjelder
- Lomheim, Sylfest, Aasulv Lande, Gunnar Stubseid: Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel - livet og livsverket. Høyskoleforlaget, 2001. ISBN 82-7634-339-2
- Lomheim, Sylfest: «Alexander Seippel» i Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
- sambok 24 bøker av/om/ved A. Seippel
- Bibelselskapet
[endre] Lenkjer
- nynorsk.no Fyrebilsbibelen i fulltekst
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Alexander Seippel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
