Agdenes kommune - Safon.org

Agdenes kommune

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Agdenes)
Jump to: navigation, search
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1622
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommunesenter: Lensvik
Flatevidd: 318 km²
Folketal: 1 775 (2007)
Målform: bokmål
Internettside: www.agdenes.kommune.no
Politikk
Ordførar: Oddvar Indergård
(Fellesl. for bygdeutv.
) 2003-2007

Agdenes er ein kommune på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen, som ligg heilt ytst i Trondheimsfjorden, grensar mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelene av kommunen slik han har vore frå midten av 1960-åra er Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen.

Innhaldsliste

[endre] Topografi

Agdenes har vekslande natur med fjell og fjord, frodige åkrar og fuktige myrområde, skogkledde lier og nake, vêrhardt landskap.

Klimamessig er kommunen delt i to, og vêrskiljet går i ein fjellrygg gjennom kommunen. Ytre del av kommunen har typisk kystklima med milde vintrar og lite snø, medan indre del har meir vegetasjon, mindre vind og snørike vintrar.

[endre] Elvar, fjordar, fjell og vatn

[endre] Historie

Kong Øysteins hamn nær Agdenes fyr er ein viktig marinarkeologisk lokalitet.

Den noverande kommunen vart oppretta i 1964, da indre del av gamle Agdenes kommune, Lensvik kommune og Ingdalen krets av Stadsbygd kommune, vart samanslegne. Føre 1964 var gamle Agdenes kommune delt frå Ørland kommune i 1896. Lensvik kommune var delt frå Rissa kommune i 1905, medan Ingdalen hørte til Statsbygd kommune heilt fram til 1964.

I 1995 vart grenda Moldtun overført frå Agdenes til Snillfjord kommune. Grenda hadde ikkje vegsamband før i 1994, og da vegen kom, var det mot Snillfjord. Derfor var det naturlig at grenda, etter eige ønskje, vart overført til Snillfjord.

[endre] Samfunn

[endre] Religion

Agdenes kommune svarar til Agdenes prestegjeld i Den norske kirkja. Kommunen har tre kirkjer: Agdenes kirkje, Lensvik kirkje og Ingdalen kapell.

[endre] Kommunevåpenet

Kommunevåpenet med namnet «I hermelin eit raudt skjoldhovud» vart godkjent i 1991. Hermelin symboliserer at dei kongelege heldt til på Agdenes i tidlegare tider, og det symboliserer òg skinnproduksjonen i vår tid. Det raude feltet står for jordbær, for hjartevarme eller for blodet frå øksa til Eirik blodøks.

[endre] Kommuneblomsteren

Kommuneblomsteren for Agdenes er jordbærplanten (Fragaria) som er ei slekt av rosefamilien.

[endre] Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen er den gamle bustadplassen Fjølåsen. Det er bygd kulturveg opp til Fjølåsen, og langs traséen er det blant anna oppsett over 40 opplysningsskilt. Kommunen har òg planer om å byggje opp att ein del av dei gamle husa.

[endre] Interkommunalt samarbeid

Kommunen deltek i fleire interkommunale samarbeid i Hamos-regionen, som inkluderer kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Skaun.

[endre] Næringsliv

[endre] Landbruk

Primærnæringane er sysselsett flest innbyggjarar i kommunen, særleg innanfor mjølkeproduksjon og skogbruk. Pelsdyroppdrett og jordbærproduksjon er òg viktige næringsvegar i kommunen.

[endre] Jordbærproduksjon

I over 100 år har jordbærdyrking vore ei betydeleg inntektskjelde for mange gardbrukarar i Agdenes kommune. I 1896 starta Lars H. Selbæk jordbærdyrking i heimbygda si og gav bort plantar til gardbrukarar i heile kommunen.

I 2001 var det rundt 320 dekar med jordbæråkrar i Agdenes kommune. Det største arealet er i Lensvik, men det blir òg dyrka mykje jordbær i Ingdalen og Mølnbukta.

I Agdenes blir det for det meste dyrka bær til konsum, og da er hovudsorten Korona. Da jordbæra kom til Lensvik, var plantane av sorten Abundance, men i 1970-åra kom sorten Zephyr og tok over. Fleire sorter vart prøvd, men Zephyr var hovudsorten frem til først i 1990-åra. Frå da av til no (2007) blir har det vore dyrka mest Korona.

Fram til midten av 1970-åra var det mest norske ungdommar som arbeide som jordbærplukkarar, men i seinare tid er det mest utlendingar som plukkar jordbær, hovudsakleg frå Polen og Litauen.

Kvart år blir «Jordbærtrimmen» arrangert — eit løp til ære for jordbæra som går rundt Utnesvatnet.

[endre] Industri

Industritettheita i kommunen ligg over landsgjennomsnittet.

[endre] Turisme

Agdenes kommune har rundt 800 fritidsbustader. Rimeleg pendleavstand frå Trondheim ved kysten, men utan ferjer gjer at kommunen er attraktiv for hytteeigarar.

[endre] Personar frå Agdenes

[endre] Lenkjer


Nordmøre     FOSEN     Uttrøndelag
Hemne | Snillfjord | Hitra | Frøya | Agdenes | Bjugn | Osen | Rissa | Roan | Ørland | Åfjord


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Agdenes» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Agdenes» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy