Aasmund Olavsson Vinje: «Tyteberet»
Frå Safon.org
«Tyteberet»
av Aasmund Olavsson Vinje
- Tyteberet uppå Tuva
vox utaf ei liten Von.
Skogen med si grøne Huva
fostrar mangein raudleitt Son.
- Eingang seint um Hausten lagde
liten Svein til Ber-Skogs ut:
«Raudt eg lyser,» Beret sagde,
«Kom åt meg, du Vesle-Gut.
- Her ifrå du må meg taka:
mogjet Ber er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaladrykken af mit Blod!
- Mognar du, so vil du beda
just den sama Bøn som eg.
Mogjen Mann det mest må gleda,
burt for Folk at gjeva seg.»
[endre] Kjelder
Gjennom Wikisource frå Mindre kvæde. Denne utgåva teken frå A.O. Vinje: Dikt og prosaskrifter i utval ved Halvdan Koht, Kristiania, forlagt af H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 1903.
