Ḥuldá hannebiá
Frå Safon.org
| Dei sju kvinnelege profetane | |||||||
|
Ḥuldá hannebiá, eller profeten Ḥuldá, var den sjette av dei sju kvinnelege profetane i jødedommen. Sjølve namnet Ḥuldá eller Ḥóled tyder truleg ‘snømus’ — og slik kan ein seie at både ho og profeten Deborá (‘bie’ eller ‘kveps’) hadde mindre enn smigrande namn.
Historia om Ḥuldá hannebiá finst i to noko ulike utgåver (Melakhím B 22:14–20 og Dibré hajjamím B 34:22–28). I Melakhím finn vi fleire namn enn i Dibré hajjamím, og dei namna som finst begge stadene har noko ulik form. Forhistoria for vitjinga vi hører om er at det vart funnen ei da ukjend bok i Tempelet i Jerusalem (Toráen, eller meir truleg Séfer Debarím (5. mosebok)).
[endre] Melakhím B 22:14–20(14) Og gjekk Ḥilkijjáhu hakkohén og Aḥikám og Ngakhbór og Sjafán og Ngasajá til Ḥuldá hannebiá, kona åt Sjallúm, son av Tikvá [som var] son av Ḥarḥás, kledevoktaren; og ho budde i Jerusalem i det andre kvarteret — og dei tala åt henne. (15) Og sa ho åt dei: «Slik seier ADONÁI, Jisraéls Elohím: Fortel de åt mannen sm sendte dykk åt meg: Slik seier ADONÁI: Sjå, Eg vil føre vondt over denne staden og over innbyggjarane hans, alle orda av boka som han las opp, kongen av Judea; (17) av di dei har forlate Meg og har ofra til andre gudar, så dei kunne tirre Meg med alt verket av hendene sine. Og tennast skal vreiden Min mot denne staden og skal ’kje bli sløkt. (18) Og åt kongen av Judea, som sendte dykk for å undersøkje ADONÁIs ord — så skal de seie åt honom: Slik sa ADONÁI, Jisraéls Elohím: Orda som du høyrde, (19) ettersom hjarta ditt var mjukt og du audmjuka deg framføre ADONÁI da du høyrde at Eg tala mot denne staden og mot innbyggjarane hans (at dei) skulle bli til undring og til forbanning, og du reiv kleda dine og gret føre Meg; og eg har òg høyrt [deg], [er] talen åt ADONÁI. (20) Difor, sjå, vil Eg føre deg til fedrane dine, og du skal få komma åt grava di i fred; og ikkje skal de sjå ho, augo dine, all den vondska som Eg vil lata komma over denne staden.» Og dei brakte ordet åt kongen. |
[endre] Dibré hajjamím B 34:22–28(22) Og gjekk Ḥilkijjáhu og (dei) som kongen (sendte med honom) til Ḥuldá hannebiá, kona åt Sjallúm son av Tok’hát, [som var] son av Ḥasrá kledevoktaren; og ho budde i Jerusalem i det andre kvarteret — og dei tala åt henne slik. (23) Og sa ho åt dei: «Slik seier ADONÁI Jisraéls Elohím: Sei de åt mannen som sendte dykk åt Meg: (24) Slik seier ADONÁI: Sjå, Eg vil føre vondt over denne staden og alle innbyggjarane hans; alle eiden som er skrivne i boka som dei las opp framføre kongen av Judea. (25) Av di at dei har forlate Meg og ofra åt andre gudar så de kunne tirre Meg med alt verket av hendene sine; og tennast skal vreiden Min mot denne staden og skal ’kje bli sløkt. (26) Og til kongen av Judea, som sendte dykk for å undersøkje ADONÁIs ord — slik skal de seie åt honom: Slik seier ADONÁI, Jisraéls Elohím: Dei orda som du høyrde; (27) Ettersom hjarta ditt var mjukt og du audmjuka deg framføre ADONÁI da du høyrde orda Hans mot denne staden og mot innbyggjarane hans, og du audmjuka deg framføre Meg, og du sønderreiv kleda dine og gret framføre Meg; og òg Eg høyrde (deg), er talen åt ADONÁI. (28) Sjå, Eg vil føre Deg til fedrane dine, og du skal få komma til grava di i fred; og ikkje skal dei sjå ho, augo dine, all vondska som Eg vil lata komma over denne staden og over innbyggjarane hans.» Og dei brakte ordet åt kongen. |
