Ḥol hammongéd - Safon.org

Ḥol hammongéd

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ḥol hammongéd (hebr. חוֹל הַמּוֹעֵד) er romhelga mellom dei viktigare, fulle helgedagane først og sist i dei jødiske høgtidene pesaḥ og sukkót.

Under ḥol hammongéd gjeld dei generelle forskriftene for kvar høgtid. Dermed et ein ikkje ḥaméṣ (gjæra brød o.l.) under ḥol hammongéd pesaḥ, og ein et i sukkáen og gjer netilàt luláb under sukkót.

Ḥol hammongéd skil seg ut frå helgedagane først og sist i desse høgtidene ved at det er lov å gjera nødvendig arbeid og å drive med handel om ein treng det så lenge det ikkje er sjabbát.

Personlege verktøy