Ḥasidisk jødedom - Safon.org

Ḥasidisk jødedom

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Ḥasidisme)
Jump to: navigation, search


Retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Overrabbinar Aharon Shlomo Chaim Eleazar Rabinowitz (bialer rebbe av Amerika) les signingane over ḥanukkálysa. (Foto: “Itzik18”)
Overrabbinar Aharon Shlomo Chaim Eleazar Rabinowitz (bialer rebbe av Amerika) les signingane over ḥanukkálysa. (Foto: “Itzik18”)

Ḥasidisk jødedom eller ḥasidisme er ei retning av asjkenazisk jødedom som er kjenneteikna ved særleg stor vekt på kabbalá. Rørsla oppstod i Aust-Europa, hovudsakleg Bjelarus og Ukraina, på 1700-talet.

Grunnleggaren av den ḥasidiske rørsla var rebbe Jisraél ben Elingézer (16981760), òg kjent som «Baalshemtov» (jid. for Bàŋal-Sjem-Tób). Ḥasidismen oppstod i ei tid med mykje forfølging av jødane i Aust-Europa. Mange følte at jødedommen hadde vorte ei rein intellektuell øving og hadde mist det dei såg på som den tradisjonelle vekta på andelegheit og glede. R. Jisra’él ben Eliŋézer arbeidde for å endre dette. Mange slo seg med honom, men rørsla hans møtte òg stor motstand frå fleire samtidige religiøse leiarar — og da særleg Vilner Góen, leiaren av dei litauiske jødane. Desse motstandarane var kjente som di misnagdem, eller ‘motstandarane’.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Forspel

I Polen, der fleirtalet av jødiske familiar hadde etablert seg på 1500-talet og seinare, vart kampen mellom tradisjonell rabbinsk jødedom og radikal kabbalá-påverka mystikk særleg tilspissa etter den messianske rørsla til Sjabbetái Ṣebí kring midten av 1600-talet. Tendensen mot mystikk og sektdanning viste seg særleg blant jødane i dei søraustlege områda av Polen, medan dei nordaustlege provinsane, kring vår tids Litauen og Belarus, heldt på den meir teoretisk orienterte, konvensjonelle rabbinske jødedommen. Dei austasjkenaziske jødane som held på denne tradisjonen blir kalla litvish (litauiske). Til ein viss grad kan ein seie at dei to tankemåtane reflekterer sosiale skilnader mellom dei nordlege litauiske jødane og dei sørlege ukrainske jødane. I Litauen budde fleirtalet av jødar i tettbefolka byar der den rabbinsk-akademiske jesjibá-kulturen blomstra. I Ukraina budde derimot jødane gjerne spreidde i landsbyar langt unna intellektuelle senter.


[endre] Jisraél ben Elingézer

Fil:Besht.jpg
Dette bildet blir sagt å vera eit portrett av rebbí Jisraél ben Elingézer, òg kjent som Baal Shem Tov, grunnleggaren av ḥasidismen.

Grunnleggaren av ḥasidismen, Jisraél ben Elingézer, vart òg kjent under tittelen «Meisteren av det Gode Namnet" (Bangal Sjem Tob, forkorta som Besjt). Ryet hans som heilar av sjuke spreidde seg ikkje berre blant jødane, men òg blant ikkje-jødiske bønder og polske adelege. Det vart òg sagt at han kunne spå om framtida.


[endre] Spreiinga av ḥasidismen

[endre] Motstand

[endre] Nyare tid

[endre] Religiøs praksis og kultur

[endre] Grunnleggjande trekk

[endre] Liturgi og bøn

[endre] Klede

[endre] Hovudplagg

[endre] Andre karakteristiske klede

[endre] Kvinner

[endre] Hår

[endre] Sisít

[endre] Rituelle bad

[endre] Familieliv

[endre] Språk

Dei fleste ḥasidim snakkar hovudspråket i landa der dei bur, men prøver å bruke jiddisch seg i mellom som ein måte å halde på tradisjonane og unngå assimilering på. Dermed lærer borna jiddisch, og språket lever vidare som morsmål i ḥasidiske miljø. Jiddische aviser kjem stadig ut, og den ḥasidiske verda produserer ein god del jiddisch skjønnlitteratur som særleg er mynta på kvinner. I dei siste åra har det ḥasidiske miljøet òg begynt å produsere filmar og å gje ut desse direkte på DVD — ei endring frå den tidlegare tendensen at det berre var meir eller mindre sekulære jødar som produserte jiddische filmar

Nokre ḥasidiske grupper (særleg Satmar og Toldos Aaron) er aktive motstandarar av bruken av hebraisk som kvardagsspråk i Israel, ettersom dei reknar hebraisk som eit utelukkande heilag språk som berre bør brukast til bøn og andre religiøse formål.

[endre] Ḥasidiske dynasti

[endre] Ḥabad

[endre] Breslov

[endre] Andre dynasti

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Litteratur

  • The Great Mission: The life and story of Rabbi Yisrael Baal Shem Tov. Compiled by Rabbi Eli Friedman, translated by Rabbi Elchonon Lesches. Kehot Publication Society, 2005, ISBN 0-8266-0681-4.
  • Holy Days: The World of a Hasidic Family. Lis Harris. Simon & Schuster New York, 1985, ISBN 0-684-81366-1.
  • Unchosen: The Hidden Lives of Hasidic Rebels. Hella Winston. Beacon Press Boston, 2005, ISBN 0-8070-3626-9.

[endre] Lenkjer

[endre] Generelt

[endre] Ḥabad

  • Chabad Jewish Student Organization
  • Chabad-Lubavitch in Cyberspace
  • Hadar Hatorah (Crown Heights, New York, USA) - lubavitsjer-ḥasidisk jesjibá i Crown Heights i New York i USA. Berre for menn. “Hadar Hatorah, the world’s first yeshivah for Jewish men with little or no formal background in Jewish knowledge or practice, was founded in 1963. Appreciating the student’s past journeys through life, Hadar Hatorah addresses the unique concerns of the sincere ‘latecomer.’ Hadar Hatorah has been there for nearly 40 years, teaching classic Judaism to generations of Jewish men. [...] The process of learning and study is all encompassing, requiring time, patience and determination. It is not only absorbing information, but bringing this information into a level of personal realization. Our teachers are there to support him, guide him and answer all his questions, no matter what they might be. Our goal is educate him to be a practicing and knowledgeable Jew and a Chasid of the Rebbe.”
  • Lubavitch World Headquarters - “Our international network of Chabad-Lubavitch centers in some 60 countries around the world has put a living Jewish community within the reach of any Jew, nearly anywhere on the globe, ensuring universal Jewish awareness with the promise of Jewish continuity.”
  • Chassidism from chabad.org
  • Large collection of Hasidic Texts in English from chabad.org

[endre] Breslov


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy