Ḥaróset
Frå Safon.org
|
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'ro:set) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.
Innhaldsliste |
[endre] Sefardisk ḥaróset
[endre] Portugisarjødar
Portugisarjødar i Vest-Europa (Italia, Frankrike, Belgia, Nederland og Storbritannia; og i mindre grad òg i Hamborg-området og Skandinavia) og Amerika lagar tradisjonelt ein ḥaróset som inneheld både frisk frukt (t.d. eple), tørka frukt (t.d. rosiner), nøtter, kanel og raudvin. Som nøtter brukar ein oftast mandlar og/eller valnøtter; er ein allergisk mot nøtter, kan ein bruke pinjekjernar eller solsikkefrø i staden. Det er mykje variasjon i oppskriftene frå stad til stad og frå familie til familie. Andre ingrediensar som stundom blir bruka inkluderer fiken, pærer, appelsinjus, eddik, banan og kokos — og nokre gonger til og med eit ørlite grann finmolen teglstein(!)
Når ein lagar sefardisk ḥaróset, legg ein først den tørka frukta i bløyt i vinen (eller appelsinjusen), deretter finhakkar eller raspar ein nøttene og dei friske fruktene. Nokre kokar dei tørka fruktene, andre kokar alle ingrediensane og nokre blandar alt rått. Sefardisk ḥaróset har oftast finhakka ingrediensar og det ferdige resultatet er oftast mørkt av farge, liknar på tjukt fikensyltetøy i konsistens og lèt seg lett forme. Mange sefardím trillar ḥaróseten til olivenstore kuler for servering.
[endre] Oppskrifter
Prosess 1:
1 kopp fiken (usvovla) 1 kopp rosiner 1 kopp appelsinjuice 1 kopp raudvin
Skjer bort dei harde toppane av fikenane. Skjer opp fikenane i småbitar. Tilsett rosinene, jusen og vinen. Lat stå i minst ein time. Kok opp og lat det koke nokre få minutt.
Prosess 2:
1-2 koppar pinjekjernar 3 ms kanel
Mal eller finhakk pinjekjernane. Tilset kanel og bland godt saman.
Prosess 3:
2 stk eple 1 stk pære
Fjern kjernehus og stilken på frukta, men ikkje skrell ho. Finhakk frukta.
Prosess 4:
Bland resultata av prosess 1, 2 og 3. Hakk med hakkekniv (rullekniv) eller finhakk i kjøkenmaskin (food processor eller hurtigmiksar) til resultatet er ein litt grovkorna masse som lett let seg forme til kuler eller andre former.
Fyll i norgesglass eller liknande og avkjøl i kjøleskåpet.
Servering:
- Tradisjonell servering: Form til kuler på storleik som oliven.
- Kreativ servering: Form til ein pyramide for visuell effekt og hint til slaveriet i Egypt.
- Restane held seg godt i kjøleskåpet og kan brukast som pålegg under resten av pesaḥ.
[endre] Jemenittisk «dukkah» (sterkt krydra ḥaróset)
Jemenittiske jødar brukar oftast å servere «dukkah», ein relativt sterkt krydra fruktsaus, som ḥaróset. Typiske ingrediensar i jemenittisk dukkah er dadlar, fiken og rosiner; nøtter (t.d. mandlar og valnøtter); sesamfrø; raudvin (i moderne tid); og krydder som ingefær, kanel og kardemomme — og i nokre tilfelle koriander, nellik og/eller litt cayenne.
[endre] Asjkenazisk «charóises» (ḥaróset med eple og nøtter)
|
Allergiinformasjon: Denne sida inneheld ei eller fleire oppskrifter som inneheld hasselnøtter, valnøtter eller andre trenøtter — råvarer som kan utløyse svært alvorlege allergiske reaksjonar til og med i svært småe mengder hos ein del menneske. |
Asjkenazisk ḥaróset (jiddisch charóises) er mykjegodt likeeins over heile det asjkenaziske kulturområdet: Ein blandar grovhakka eple, grovhakka valnøtter (eller mandlar), kanel og litegrann raudvin og eventuelt honning. Asjkenazím kokar ikkje ḥaróseten sin. Det ferdige resultatet er oftast ein lysebrun til grå, lettvoren masse med tydeleg tekstur.
[endre] Oppskrift
Ingrediensar:
3-4 stk store eple 2 dl valnøtter (el. mandlar) (2 ms honning (el. sukker)) 1 ms kanel 0,5 dl søt raudvin
Framgangsmåte:
Vask epla grundig. Tak ut kjernehusa, men lat skalet vera på. Grovhakk epla og nøttene. Tilset kanel og vin (og evt. honning/sukker) og bland godt. Ha i eit tett glas og lagre i kjøleskåpet. NB! Om nokon med sterk nøtteallergi er til stades må ein byte ut nøttene med solsikkefrø, evt. pinjekjernar!
Kategoriar: Pesaḥ | Matretter med nøtter | Q | Jødisk mat | Matretter
