Ḥanukká - Safon.org

Ḥanukká

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Tenning av ḥanukkálysa i Hordaland.
Tenning av ḥanukkálysa i Hordaland.

Ḥanukká

Ḥanukkijjá med menoráform i massing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · Mi jemallél · O, ir kleine lichtelech · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skrive chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét.

Ḥanukká varer i år frå solnedgang tysdag den 4. desember 2007 til solnedgang onsdag den 12. desember 2007

Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkijjá (sjå bildet) Ein ḥanukkijjá er ein lysestake med åtte vanlege armar og éin ekstra for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.

Vi et gjerne mjølkemat (hovudsakleg mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (hovudsakleg asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk. (Nokre familiar pyntar òg tre, men dette er ikkje tradisjonelt rekna som ein jødisk skikk.)

Ḥanukká har mange likheitstrekk med jula slik ho blir feira i Skandinavia i dag, men det er òg mange skilnader — sjå «Skilnader mellom ḥanukká og jul».

[endre] Kva datoar fell ḥanukká på?

Første kvelden av ḥanukká fell på dei følgjande datoane i den gregorianske kalenderen:

Personlege verktøy