Ḥanná og sønene hennar - Safon.org

Ḥanná og sønene hennar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ḥanukká

Ḥanukkijjá med menoráform i massing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · Mi jemallél · O, ir kleine lichtelech · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

I 2. makkabearbok kan vi lesa om korleis Antiokhos IV Epiphanes kjem over ei mor (i jødisk tradisjon: Ḥanná) og dei sju sønene hennar. Han vil tvinge dei til å eta ein gris offentleg. Kvar av sønene nektar i tur og orden å eta av svinekjøttet, og dei blir torturerte og deretter drepne mens Ḥanná må sjå på. Til slutt er berre Ḥanná og den tre år gamle sonen att, og Antiokhos blir motlaus og bed Ḥanná om å overtala treåringen til å eta svinekjøttet og slik berge seg. Treåringen svarar med å seie åt Antiokhos at det einaste han er lei seg for er at han måtte vente så lenge med å vise sin kjærleik til Toráen. Ḥanná priser sonen, og han blir drepen òg. Til slutt dør mora òg. I ein versjon av historia blir det sagt at ho kastar seg ned frå bymuren i sorg over tapet av borna sine.

Denne historia er ei av dei tre historiene ein minnest med ḥanukká, og ei av dei to historiene som inkluderer heltemodige kvinner i kampen mot overmakta.

Personlege verktøy