Ḥaméṣ
Frå Safon.org
Ḥaméṣ er eit halakhisk omgrep for all bearbeidd mat, inkludert mjøl, av dei fem kornslaga som ikkje har vorte steikt/baka som maṣṣá. Dei fem kornslaga er, enkelt sagt, kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug, og i tillegg alle vairantar av og krysningar mellom desse — slik som emmer, einkorn, rugkveite o.a. Alle desse kornslaga har til felles at dei inneheld større eller mindre mengder av gluten som gjer at det går an å laga gjærbakster av dem.
Merk at kornslag utan vanleg gluten, slik som havre, hirse, ris o.a. ikkje kan vera ḥaméṣ i seg sjølve.
