Økologisk landbruk
Frå Safon.org
Økologisk landbruk, inkludert økologisk jordbruk, er ei landbruksdriftsform der ein brukar naturleg gjødsel og naturlege plantevernmiddel. Økologisk landbruk fører til mindre oppsamling av syntetiske giftstoff og blir rekna som ein grunnleggjande del av berekraftig utvikling.
Innhaldsliste |
[endre] Idébakgrunn
Økologisk landbruk byggjer på et heilheitssyn som omfattar både dei økologiske, økonomiske og sosiale sidene ved produksjonen. Rudolf Steiner var blant dei første som la fram tankar om økologisk landbruk. Målet er å skapa eit sjølvberande og vedvarande agro-økosystem som er basert på mest muleg lokale og fornybare ressursar. I praksis tyder det at økologiske produkt er framstilt med bruk av naturleg (organisk) gjødsel og utan bruk av kjemiske/syntetiske plantevernmiddel. Produksjonen byggjer på føre-var-prinsippet der naturen sine eigne metodar blir bruka for å halde skadegjerarar på avstand og for å forsyne plantene med næring.
Det er ikkje lov å bruke genetisk modifiserte organismar (GMO) og produkt i økologisk produksjon.
[endre] Godkjenning og merking
Økologisk produksjon i Noreg er underlagt eit regelverk med utgangspunkt i EU sitt regelverk. Landbruksdepartementet har ansvaret for regelverket og har delegert kontrollmyndigheita til Mattilsynet. Debio har ansvaret for utøvande kontroll av produsentane. Debio sitt Ø-merke skal gje forbrukarane vissheit om at vara er produsert etter regelverket for økologisk produksjon. Ø-merket blir bruka både på norske og importerte, økologiske produkt. Importerte produkt skal vera produserte og behandla etter tilsvarande krav som gjeld for norsk økologisk produksjon, foredling og omsetning. Debio blir eigd av organisasjonar som til saman dekkjer heile verdikjeda «frå jord og fjord til bord», og er like mykje forbrukarane som produsentane sin kontrollorganisasjon.
[endre] Kvifor dyrke økologisk?
Ein har ikkje kunna vise at økologiske produkt har spesielle helsefordelar framføre produkt produserte på tradisjonelt vis. Kvaliteten i økologiske produkt ligger først og fremst i den miljøvenlege produksjonsforma og vissa om at det ikkje er brukt kjemiske og syntetiske plantevernmiddel. Verdien av økologisk produksjon ligg altså ikkje så mykje i det vi får att i dag som i det etterkommarane våre får att. Bonusen for forbrukarane i dag er at dei kan forvente produkt som er så reine som det er muleg å produsere dei.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
- Debio - Godkjenningsinstans for økologisk produksjon (Noreg) Her kan du finne informasjon om Debio, om regelverk for økologisk produksjon og omsetning, inspeksjonar og godkjenning, og mykje anna i samband med økologisk landbruk.
- Helios (Slemmestad, Noreg) Stiftelsen Helios Jordbruks- og naturprodukter driv engros og detaljhandel med ein erklært konsekvent økologisk profil, og med spesiell vekt på biologisk-dynamisk (biodynamisk) mat.
- BioForsk Økologisk (Tingvoll på Nordmøre, Noreg) Forskingsinstitutt og eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Sentret ligg i Tingvoll kommune på Nordmøre.
- OIKOS – Økologisk landslag (Oslo, Noreg) Medlemsorganisasjonen OIKOS (tidlegare Norsk Økologisk Landbrukslag (NØLL), Norsk Økologisk Urtelag (NOU) og Økoprodusentane) arbeider for å fremme måla og idégrunnlaget i økologisk landbruk og å styrke det økologiske miljøet i Norge. OIKOS gjev ut magasinet Ren Mat og urtebladet Grobladet.
- Naturianer: fremdeles forbrukerguiden til økologisk mat (Bergen, Noreg) Uavhengig nyheitsportal med fokus på økologisk mat og landbruk.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Landbruk | Økologi
