Safon.org:Hovudsida - Safon.org

Safon.org:Hovudsida

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
fil:Seilende_nordlandsbaater_s.jpg
fil:Flintoe_Samisk_par_rein_s.jpg
fil:Vincent_van_Gogh-_The_Caravans_s.jpg
fil:Great_Synagogue_Plzen_CZ_s.png
fil:Willmette_how_s.png
fil:Golden_temple_s.png
fil:Stabkirche_Lom_s.png
fil:Mosquée_hassan_II_Casablanca_s.png
fil:Mahabodhitemple_s.png

Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor

Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og pekarsamlingar. Safon.org har 2 405 artiklar og 3 483 bilde og andre mediafiler så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar her.

FAGSIDOR: ENGELSKHEBRAISKKROPPSØVINGKUNST OG HANDVERKMAT OG HELSEMATEMATIKKMUSIKKNATURFAGNORSKRELIGION OG LIVSSYNSAMFUNNSFAGSPANSKTYSK


I dag er det laurdag den 4. juli 2009.


Mat

Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei kjøleg aromatisk, sitronliknande frukt tå sitrusfamilien. Etróg er ein tå slaga i arbangá miním (de fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dem som ikkje blir bruka for detta er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg. I tillegg blir albedoen (det kvite området myllom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for kledor. De variantane tå etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím.   Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattypeengelsk opphav. Utom England er fish and chips populær elles på De britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia.   Les meir …
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del tå Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har gått føre seg i Noreg gjønom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der, der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett tå kleppfisk.   Les meir …
Pepparkakor er ein slags tynne, sprøe kakor som får den krydra smaken sin tå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særleg vorte assosiert med jula i Skandinavia, men de blir etne i andre samenhengar og på andre tider tå året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga tå pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, truleg på Båhus festning på den daverande grensa myllom Noreg og Sverige: Rekneskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet myllom kong Magnus Eriksson av Sverige, Noreg og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at de baka pepparkakor.   Les meir …
Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmør.   Les meir …
Ekte sukatar (gjønom fr. succade frå it. succada) er småe terningar tå salta, gjæra og kandisert albedoetróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukatar bruka som tilsetting i kringlor og julekake. I Noreg blir sukatar produserte tå Freia, som no blir eigd tå det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant tå sukat blir laga tå graskar i staden for etróg. Det finst fleire olike hypotesar om namnet «sukat», som heiter succadeengelsk, sukadenederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i samband med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produserte frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten).   Les meir …
Sāg panīr (hindī साग पनीर [sāg panīr]) er ein nordindisk matrett som består tå panīr (osalta ferskost), spinat og andre grøne blad (f.eks. bukkehornskløver eller sennepsblad) i karrisaus. Sāg panīr kan òg innehalde spinat som einaste grøne bladtype, men blir da ofte meir presist kalla pālak panīr.   Les meir …

 

Personar

Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og praktisk matematikk (anvendt m.) ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet.   Les meir …
Håkon Evjenth (18941951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkerne sine frå nordnorsk natur. Håkon Evjenth vart fødd i Bodø den 26. desember 1894 som son tå advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) og Martha Backer (18671906). Han voks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo før han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø. Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjønombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935.   Les meir …
Håkon Martin Evjenth (18651934) var ein jurist og politikar frå Bodin i Salten. Han vart cand.jur. i 1889 og arbeidde som sakførar i Bodø frå 1894 og som advokat frå 1895. Som politikar verka han som ordførar i vekselvis Bodin kommune og Bodø kommune i fleire periodar. Han var justisminister i Mowinckelregjeringa (192830). Håkon Martin Evjenth dødde i 1934.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (16991782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent for de 29 stykka for gambe og generalbass som han, med unntak tå tre tå dem, tilskreiv far sin. De tre hade han sjølv skrive. I advertissementa skreiv han at han hade ansvaret for basslina (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemma.   Les meir …
Johan Henrich Berlin (17411807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son tå Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døypt i Nidarosdomen søndag den 1. september same året.[1] Johan Henrich fekk musikkundervisning tå far sin og fekk tidleg vikariat som organist. Han fekk stilling som organist ved Hospitalskirkja allereie 17 år gammel, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje.   Les meir …
Olav Jakobsen Høyem (18301899), mest kjent som O.J. Høyem, var ein lærar, telegrafist, seddeltrykkingsinspektør og lingvist frå Byneset ved Trondheim i Sør-Trøndelag. Far hans var Jakob Høyem og mor hans var Karen Olsdatter Prestegaard Høyem. Som lingvist kjempa han for ein nynorsk skriftnormal som låg nærmare trøndsk enn Ivar Aasen sin skriftnormal gjorde.   Les meir …

 

Kystkultur

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattypeengelsk opphav. Utom England er fish and chips populær elles på De britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia.   Les meir …
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til de rundstamna vestlandsbåtane heller enn til de i nyare tid mykje meir rettstamna åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå de andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den kjøleg langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denna båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …
Ein oktant (av lat. octans, ‘⅛ tå ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem tå at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjøkvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hade havt tidlegare.   Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd tå Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke tå Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt tå Norges Rederforbund på initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl.   Les meir …
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball nokre plassar, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samenmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte samen med kålrabi og gulrøter — til de flyt opp.   Les meir …
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. De er særleg kjennetekna tå skroget, som er snidbetna, og lårseglet. De eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjyen. Rekonstruksjon og oppmåling tå båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot de siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Ein dilrubā (pandjābī ਦਿਲਰੁਬਾ) er eit indisk strykeinstrument med 12–15 understrenger. Dilrubāen ligg myllom den mindre sārangīen og den større tāūsen i størrelse. Han blir halden på lag som ein cello, med instrumentkroppen kvilande mot vinstrelåret eller mot golvet framfor vinstrekneet og halsen kvilande mot vinstre skulder. Ein spelar på instrumentet med ein boge som blir bruka med underhandsteknikk.   Les meir …
Dr. Kattassery Joseph Yesudas (f. 10. januar 1940), mest kjent som Yesudas, er ein kjent sør-indisk songar. Yesudas er ein malayaḷisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammel. I karrieren sin har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis tå indiske filmar på mange språk — inkludert tamiḷ, kannada, gudjarati, telugu og bengali.   Les meir …
Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austasjkenaziske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange olike stilar tå klezmermusikk, men i hovudtrekk kan vi seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjennetekna tå mykje bruk tå molltoneartar, kromatikk, forstørra sekundar og sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innaføre todelt takt er det mykje bruk tå synkopar.   Les meir …
Ein surbahār (hindī सुर बहार, urdū سربہار, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga tå edeltre (anten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav muleg ved å dra strengen innaføre sommå grepet.   Les meir …

 

Kunst og handverk

Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisinga tå jødar frå England i 1290. Denna synagogen var i bruk fram til Bevis Marks-synagogen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei trappeliknande plattform nærme mihrab der den religiøse leiaren leier gudstjenestor og forrettar preikor), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk leier gudstjenestor frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der al-Qur’ān (Koranen) blir lesen frå).   Les meir …
Ein røykomn er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er sommå holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir kjøleg røykfylt under sjølve fyringa er den største olempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetning til gruor med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. På toppen tå røykomnen er det ei jamn overflate utan nokon hol, og denna overflata blir god og varm utan å bli brennheit slik jarnomnar blir. Kattor likar gjerne godt å legge seg til der — særleg når det begynner å bli kaldt i rommet, men det framleis finst varme att på toppen tå røykomnen.   Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten tå Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskriven tå ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving tå visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i synagogen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga tå gudstjenestone føregår. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden tå synagogerommet.   Les meir …

 

Populære sidor

  1. Synagoge ‎(4 706 visingar)
  2. Jødedom ‎(4 173 visingar)
  3. Jiddisch-norsk ordbok - P ‎(3 438 visingar)
  4. Geitbåt ‎(3 313 visingar)
  5. Portugisarjødar ‎(3 257 visingar)
  6. Islām ‎(3 235 visingar)
  7. Sikhisme ‎(2 756 visingar)
  8. Jiddisch-norsk ordbok - A ‎(2 452 visingar)
  9. Buddhisme ‎(2 386 visingar)
  10. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim ‎(2 238 visingar)
  11. Det osmanske riket ‎(2 230 visingar)
  12. Pesaḥ ‎(2 188 visingar)
  13. Indisk mat ‎(2 063 visingar)
  14. Jødisk mat ‎(1 956 visingar)
  15. Hinduisme ‎(1 939 visingar)
  16. Samar ‎(1 921 visingar)
  17. Sefer ‎(1 854 visingar)
  18. Kva er ein synagoge ‎(1 810 visingar)
  19. Ḥanukká ‎(1 766 visingar)
  20. Generelt om jødedom ‎(1 721 visingar)
  21. Fjording ‎(1 672 visingar)
  22. Ḥasidisk jødedom ‎(1 671 visingar)
  23. Tallét ‎(1 582 visingar)
  24. Romanifolk ‎(1 580 visingar)
  25. Nordmør ‎(1 570 visingar)
  26. Sjabungót ‎(1 529 visingar)
  27. Regina Jonas ‎(1 527 visingar)
  28. Bahá’ítru ‎(1 519 visingar)
  29. Sjabbát ‎(1 485 visingar)
  30. Jødekakor ‎(1 441 visingar)
  31. Ortodoks jødedom ‎(1 441 visingar)
  32. Harar ‎(1 416 visingar)
  33. Rekonstruksjonistisk jødedom ‎(1 395 visingar)
  34. Oktant ‎(1 390 visingar)
  35. Borecas ‎(1 388 visingar)
  36. Aasmund Olavsson Vinje ‎(1 380 visingar)
  37. Bacalao ‎(1 332 visingar)
  38. Jiddisch-norsk ordbok ‎(1 321 visingar)
  39. Draft ‎(1 316 visingar)
  40. Hebraisk ‎(1 308 visingar)
  41. Kasjrút ‎(1 249 visingar)
  42. Veiholmen ‎(1 229 visingar)
  43. Jødestjerne ‎(1 219 visingar)
  44. Grindverk ‎(1 216 visingar)
  45. Hemne prestegjeld ‎(1 203 visingar)
  46. Torá ‎(1 199 visingar)
  47. Georg Friedrich Händel ‎(1 195 visingar)
  48. Religion ‎(1 188 visingar)
  49. Sau ‎(1 172 visingar)
  50. Midt-Norge ‎(1 148 visingar)
  51. Jødar ‎(1 145 visingar)
  52. Asjkenazím ‎(1 142 visingar)
  53. Harimandir Sāhib ‎(1 138 visingar)
  54. Jiddisch ‎(1 132 visingar)
  55. Tørrfisk ‎(1 125 visingar)
  56. Sauehald ‎(1 121 visingar)
  57. Alfa 1-antitrypsinmangel ‎(1 119 visingar)
  58. Norsk-engelsk temaordliste ‎(1 096 visingar)
  59. Masorti jødedom ‎(1 094 visingar)
  60. Sefardím ‎(1 093 visingar)
  61. Aasmund Olavsson Vinje: «Blåmann, Blåmann, bukken min» ‎(1 090 visingar)
  62. Kristendom ‎(1 086 visingar)
  63. Kultur ‎(1 084 visingar)
  64. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg ‎(1 082 visingar)
  65. Romsdaling ‎(1 081 visingar)
  66. Kleppfisk ‎(1 079 visingar)
  67. Haredyr ‎(1 063 visingar)
  68. Jackie Tabick ‎(1 045 visingar)
  69. Fish and chips ‎(1 043 visingar)
  70. Rommani ‎(1 016 visingar)
  71. Ḥaróset ‎(1 005 visingar)
  72. Tefillín ‎(1 003 visingar)
  73. Gurū Nānak Dēv ‎(1 000 visingar)
  74. Hekhál ‎(993 visingar)
  75. Gurmukhī ‎(988 visingar)
  76. Ris ‎(988 visingar)
  77. Fosen ‎(981 visingar)
  78. Jødisk fornying ‎(976 visingar)
  79. Saltfiskball ‎(972 visingar)
  80. Hardangerjakt ‎(969 visingar)
  81. Peter Christen Asbjørnsen ‎(950 visingar)
  82. Aasmund Olavsson Vinje: «Våren» ‎(946 visingar)
  83. Kohén ‎(935 visingar)
  84. Miljø ‎(934 visingar)
  85. Mezuzá ‎(923 visingar)
  86. Al-Qur’ān ‎(922 visingar)
  87. Lefse ‎(921 visingar)
  88. Skonnert ‎(919 visingar)
  89. Emanuel Mendez da Costa ‎(905 visingar)
  90. Kollhuve ‎(902 visingar)
  91. Tingvoll kommune ‎(901 visingar)
  92. Stabbur ‎(897 visingar)
  93. Sukkót ‎(893 visingar)
  94. Tenákh ‎(891 visingar)
  95. Abraham Geiger ‎(885 visingar)
  96. Kastiljansk ‎(878 visingar)
  97. Nordlandsbåt ‎(870 visingar)
  98. Pandjābī ‎(870 visingar)
  99. Austrått ‎(864 visingar)
  100. Lårsegl ‎(864 visingar)

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjølpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjølpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjølpe til...

Andre wikiar

WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk

ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no



Personlege verktøy
På andre språk